2. desember 2005

- Nedgang i sjølaksefisket


2. desember 2005 Kilde, Statistisk sentralbyrå
Førebelse tal viser ein fangst på 475 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år. Dette er 8 tonn mindre enn året før. Talet på sjølaksefiskarar har gått ned med 13 prosent på to år

All fangsten blei teken med kilenot og krokgarn. Fisken var fordelt på 463 tonn laks og 11 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,1 kilo i 2005, det same som året før. I år var 25 prosent av laksen under 3 kilo, 43 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 32 prosent over 7 kilo. Prosenttala for 2004 var respektive 22, 53 og 25.
Finnmark, Troms, Rogaland, Østfold og Vest-Agder hadde auke i fangstane samanlikna med året før. Av dei andre fylka var det Sør-Trøndelag som hadde størst nedgang i 2005. Dette kan ha samanheng med at organisasjonen "Elvene rundt Trondheimsfjorden" har kjøpt opp ein del kilenotrettar som eit ledd i å auke oppgangen av villaks i elvane.
Sjøfiske etter laks og sjøaure, statistikk her ...



Ingen kommentarer: